Villmarksmessa i Etne
Åpent arrangement
| Dato | Tidspunkt | Pris v. | Pris b. | Sal | Billett |
|---|---|---|---|---|---|
| Fr 27. Apr | kl. 19:00 | STORSAL | Ope arrangement | ||
| La 28. Apr | kl. 09:00 | STORSAL | Ope arrangement | ||
| Sø 29. Apr | kl. 09:00 | STORSAL | Ope arrangement |
Villmarkmesse i Etne
27. til 29. april 2012
Villmarksmessa i Etne 2012 vert den første i rekka i nye spanande messer me tek sikte på å ha i vår nye storstova Skakkesenteret her i Etne. Me har like store forventningar til denne messa som me i si tid hadde til Etnemarknaden, og sjå kva posisjon Etnemarknaden har i dag. Ambisjonsnivået er høgt, og med den erfaringen me sit på skulle det berre mangla.
Villmarksmessa i Etne går av stabelen 27. - 28. - 29. april 2012, og vil dekka eit stort behov me har i regionen. Vestlandsregionen bugnar av fjell og fjordar, og me vert berre meir og meir opptatt av å nytta desse ressursane. No legg me til rette for at både publikum og næringslivet skal få dra nytte av nettopp dette fantastiske mangoldet me er i besittelse av.
Etter at den flotte Villmarksmessa i Skånevik no ikkje lenger er i drift, vil me overta stafettpinnen og tilby ei messe som skal inneholde mange interessante utstillarar, samt eit spanande kultur og aktivitetstilbod for heile familien. Me er særs opptekne av den velkjende “kindereggeffekten” der me ynskjer i pose og sekk. Gode tilbod på villmarksrelatert utstyr, god mat & drikke, spanande aktivitetar for heile familien, og toppa med kjekke tilbod på kveldstid.
Villmarksmessa i Etne legg vekt på kvalitet, mangfald og aktualitet i oppbygginga og presentasjonane av produktutstillingane og aktivtets og kultur programma.
Arrangørar av Villmarksmessa Etne er Etne Kulturhus AS og Etne Jeger og Fiskeforening, med god hjelp og støtte av samarbeidane lag.
Messenemnda er sett saman av representanter for desse aktørane, og står for det administrative og tekniske opplegget av messa.
Messenemnda ynskjer velkommen til Etne i april, og vil gjera sitt for å leggja alt til rette så godt som mogeleg for utstillarar og publikum.
Førespurnader om Villmarksmessa i Etne kan rettast til:
Prosjektleiar Vidar Lund tlf.: 93458889
Skakkesenteret, Enge - 5590 Etne
E-post: post@villmarketne.no Internett: www.villmarketne.no
Fullstendig program og utstillaroversikt vil verta klar innan midten av april, men mykje er på plass allereie tidleg i 2012, så følg med på våre nettsider for oppdateringar og info.
Villmarksmessa startar fredag kveld med: Du skal høyra mykje!